fredag 18. januar 2008

Eksempel på svar på oppgåve (presentasjon/analyse av litterær tekst/tema)

Dette er skrive i full fart, og det er uferdig. Men du kan kanskje ha nytte av å lesa det nøye og sjå på korleis eg tar fatt i oppgåva.

OPPGÅVE:
Presenter visa om Olav og Kari og set visa inn i ein litteraturhistorisk samanheng.
Forslag til svar:

Norsk folkedikting er ein rik nasjonal kulturarv som omfattar veldig mange tekstar som mange nordmenn kjenner: eventyr, segner, viser og stev. Også kortsjangrar som ordtak, gåter og vitsar høyrer til denne kulturarven.
Visa om Olav og Kari er blant dei aller mest kjende folkevisene. Visa finst i svært mange varianter, og skal visstnok byggja på historiske hendingar (Frankrike, 500-talet e. kr.). Ein konge døyr, og dottera blir gift med ein annan konge. Denne mannen mishandlar kona si så gale at ho til sist døyr.
Visa fortel om Olav og Kari, som har vore gift i ni år. Olav besøker mor si for første gong sidan dei vart gift. Mora baksnakkar Kari og seier til Olav at Kari har kontakt med dei underjordiske. Å ha kontakt med dei underjordiske er i følgje folketrua ikkje bra, og Olav blir rasande og rir heim.

Visa er delt inn i fire avdelingar. I 1. del, dei to første strofene, får vi presentert situasjonen. Olav har ikkje besøkt mor si på 8-9 år. I hovuddelen, 2. del, besøker Olav mor si, og innhaldet i denne delen er dialogen mellom Olav og mor hans, som er gjengitt ordrett. Mor til Olav seier at ho har sett Kari ri på ein kvit bjørn, og dette gjer Olav så rasande at han reiser heim og slår i hel Kari. I 3. del er Olav komen heim, og han konfronterer Kari med det mora har sagt om henne. Olav slår Kari så ille at ho døyr. I 4. del er Kari komen til himmelen, og vi får her dialogen mellom Kari og jomfru Maria.

Visa er bygd opp omkring trekanten Olav, Kari og mor hans. Dei dramatiske hendingane blir framstilt lineært, med hovudvekt på dei to dramatiske epidoane i 2. og 3. del.
4. del har som funksjon å skapa ny ro eller likvekt: Vi får vita kva som skjer med dei involverte i drapet, Olav og mor hans.
Visa speglar innføringa av kristendommen bl. a. på den måten at den formidlar ein klar moralsk bodskap. Den skyldige får straffa si. Eit litt problematisk punkt er kanskje at Olav går fri, endå det var han som fysisk utførte drapet. Akkurat dette er litt framandt for vår tids moral.
Visa byggjer på ein grunnleggande kontrast, nemleg den mellom den gode, uskyldige (Kari) og den vonde, stygge (mora). Det mest iaugnefallande trekket i komposisjonen er likevel kanskje gjentakingar. Dette har sjølvsagt litt med sjangeren å gjera. Dette er ei dansevise. Strofene skulle syngast til dansen, og for dei som deltar i dansen og songen er det føreseieleg og enkelt å kunna synga på nytt strofer med identisk eller ganske likt innhald. Men viktigare er likevel den funksjonen til gjentakingane som går ut på å understreka viktige delar han innhaldet eller handlinga. Ved å gjenta og dvela ved enkelte detaljar, får desse større merksemd.

(Meir her om språklege verkemiddel, o.a. - Eg fekk ikkje tid no.)

Visa speglar eit samfunn som står mellom heidensk tru – representert ved trua på kvitebjørnen og at menneske kan ha kontakt med dei underjordiske - og kristentrua, som er den dominerande i visa, representert ved jomfru Maria og det viktige spørsmået om kven som får koma til himmelriket.

Visa sluttar med sekvensen der Kari spør jomfru Maria om kven som får koma til himmelen, og jomfru Maria svarer at Kari får koma til himmelen og Olav får koma til himmelen. Men det gjer ikkje mora. Moralen i visa er kanskje at du ikkje skal høyra på den som baksnakkar folk ( i ae fa ikkje den du er glad i), eller kanskje at dine nærmaste ikkje alltid er å stola på?

Ingen kommentarer: